Lars Christian Elholm

Lars Christian Elholm

Mand 1932 - 2009  (77 år)

Personlige oplysninger    |    Medie    |    Notater    |    Alle    |    PDF

  • Navn Lars Christian Elholm 
    Født 17 jan. 1932 
    Køn Mand 
    Død 1 okt. 2009  Straume, Hordaland, Norway Find alle personer med begivenheder på dette sted 
    • Fjell Sjukeheim
    Bisættelse 9 okt. 2009  Straume, Hordaland, Norway Find alle personer med begivenheder på dette sted 
    Fjell Kirke 
    Begravet Skålevika, Hordaland, Norway Find alle personer med begivenheder på dette sted 
    • Skålevik Kirkegård
    Person-ID I8757  Bjarklev
    Sidst ændret 25 feb. 2022 

    Far Lars Petter Erwolder Elholm,   f. 29 dec. 1897, Bergen, Hordaland, Norway Find alle personer med begivenheder på dette sted,   d. 17 mar. 1963, Bergen, Hordaland, Norway Find alle personer med begivenheder på dette sted  (Alder 65 år) 
    Tilknytning natural 
    Mor Astrid Wejset,   f. 5 mar. 1897,   d. XX jan. 1985  (Alder 87 år) 
    Tilknytning natural 
    Gift 20 sep. 1917  Domkirken, Bergen, Hordaland, Norway Find alle personer med begivenheder på dette sted 
    Familie-ID F3309  Gruppeskema  |  Familietavle

  • Billeder
    1-8757.jpg
    1-8757.jpg

  • Notater 
    • (Research):?Cu?DSkriv ut ?C/u?D
      ?Cb?D?Ci?DGulating lagmannsrett?C/b?D?Ctab?D

      INSTANS: Gulating lagmannsrett - Dom ?Ctab?D?Ctab?D
      DATO: 2012-04-10 ?Ctab?D?Ctab?D
      PUBLISERT: LG-2011-59646 ?Ctab?D?Ctab?D
      STIKKORD: Arv. Testamentsarv. Skiftetvist. Eiendomsrett. ?Ctab?D?Ctab?D
      SAMMENDRAG: I skiftetvist kom lagmannsretten, som tingretten, til avlidne ikkje var eigar av hytte og uthus ståande på grunn avlidne var heimelshavar til. Lagmannsretten kom vidare til at parsell avlidne selde til bror sin i 1968, høyrde til dødsbuet, då det ikkje var gjort noko for å gjennomføra avtalen om salet. ?Ctab?D?Ctab?D
      SAKSGANG: Nordhordland tingrett TNOHO-2009-178916 - Gulating lagmannsrett LG-2011-59646 (11-059646ASD-GULA/AVD1). ?Ctab?D?Ctab?D
      PARTER: Christian Arildsen (advokat Bjørn Haugen) mot Else Erwolder Elholm og Thorolf Erwolder Elholm (advokat Jan Haakon Rasmussen). ?Ctab?D?Ctab?D
      FORFATTER: Lagdomar Per J. Jordal. Lagdommer Terje Einarsen. Ekstraordinær lagdommer Ivar Oftedahl. ?Ctab?D?Ctab?D

      ?Cb?DHenvisninger i teksten?C/b?D: ?Cu?DLOV-1930-02-21-?G23 ?C/u?D , ?Cu?DLOV-1930-02-21-?G31 ?C/u?D , ?Cu?DLOV-1935-06-07-2-?G14 ?C/u?D (Tinglysingsloven), ?Cu?DLOV-1935-06-07-2-?G15 ?C/u?D (Tinglysingsloven), ?Cu?DLOV-2005-06-17-90-?G20-2 ?C/u?D (Tvisteloven)

      Saka gjeld to skiftetvistar i dødsbu.
      ?Cb?DFramstilling av saka:?C/b?D
      Lars Christian Elholm var fødd *.*.1932 og døydde 01.10.2009. Buet etter han vert skifta offentleg.
      Lars Elholm var ugift og utan born.
      På tidspunktet for dødsfallet, var det tre slektsarvingar etter Lars Elholm. Desse tre var dei eldre syskena hans; Else Elholm, Gunnar Elholm og Thorolf Elholm.
      Til buet høyrer det ein fast eigedom i Fjell kommune. Vedrørande denne eigedomen vart det 11.09.2009 oppretta testament med slik innhald:
      ?C1.Mine eiendommer Gr.nr. 15 br.nr. 75 og Gr.nr 15 br.nr. 81 i Fjell kommune med påstående bygninger/hytte og 2 uthus med de heftelser og avtaler som påhviler eiendommen, hermed også min andel i sameiekontrakt av 1/7 1996 for tilkjørselsvei, samt verktøy, redskaper og utstyr som hører til eiendommen skal tilfalle:?C/i?D?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?DChristian Arildsen personnr. 20029300000, Flaktveitvegen 302, 5134 Flaktveit?C/i?D. ?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?D2.Christians Arildsen skal ved overtakelsen av ovennevnte eiendommer utbetale min niese:?C/i?D?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?DAstrid født Eldholm en sum stor kr 50.000,- (femti tusen 00/100). . ?D?C/i?D?Ctab?D?Ctab?D
      Christian Arildsen, som vart tilgodesett i testamentet, er i familie med naboar til den aktuelle eigedomen. Astri Elholm er dotter av Thorolf Elholm.
      Under buførehaving oppstod det usemje om kva den faste eigedomen omfatta. Else Elholm meinte at ho var eigar av to av bygningane på eigedomen; ei hytte og eit uthus. Thorolf Elholm meinte at han var eigar av ein del av grunnen på grunnlag av kjøpekontrakt av 07.08.1968.
      Lars Elholm hadde grunnboksheimel til gnr 15, bnr 75, og gnr 15 bnr 81. Det er ikkje tinglyst noko på dei aktuelle gards- og bruksnummera om dei førenemnde rettane for Else Elholm og Thorolf Elholm.
      Christian Arildsen ved verjer meinte at så vel dei bygningane som Else Elholm påstod å vera eigar til, og den del av grunnen, som Thorolf Elholm påstod å eiga, høyrde til dødsbuet, m.a. med tilvising til presumsjonen om at det tinglyste tilsvarar realiteten.
      Då det ikkje kom til semje, vart det reist skiftetvist for Nordhordland tingrett.
      Tvisten vart ikkje overført til søksmål form, jf skiftelova ?G 31. Tingretten la til grunn at det skulle seiast dom etter skiftelova ?G 23.
      Nordhordland tingrett sa 28.01.2011 dom med slik domsslutning:
      ?Ci?D1.Else Elholm eier hytte og ett uthus som står på gnr. 15 bnr. 75 og 81 i Fjell?C/i?D. ?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?D2.Torolf Elholm eier den parsell av gnr. 15 bnr. 71 og 81 i Fjell som er beskrevet i kjøpekontrakt av 07 08 1068 mellom Lars Elholm og Torolf Elholm?C/i?D. ?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?D3.Christian Arildsen v/verger betaler inne 2 -to- uker fra forkynnelse av kjennelsen saksomkostninger til:?C/i?D?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?D-Else Elholm med 51.562,- -femtientusenfemhundreogsekstito- kroner?C/i?D, ?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?D-Torolf Elholm med 14.062,- -fjortentusenogsekstito- kroner?C/i?D. ?Ctab?D?Ctab?D
      Christian Arildsen gav innan rett tid fråsegn om anke. Else Elholm og Thorolf Elholm v/Astri Elholm gav rettidig anketilsvar. Etter at saka var oppe i tingretten har både Else Elholm og Thorolf Elholm gått bort. Astri Elholm har som einearving etter dei båe gått inn som ankemotpart i dei aktuelle tvistane. Den tredje slektsarvingen etter Lars Elholm på dødstidspunktet, Gunnar Elholm, er òg avliden, slik at Astri Elholm er opplyst å vera den einaste slektsarving i buet etter Lars Elholm.
      Dødsbuet etter Lars Elholm har ikkje vore engasjert i skiftetvistane, korkje for tingretten eller lagmannsretten.
      Etter endt saksførebuing vart ankeforhandling halde i Gulating lagmannsrett den 22. og 23.03.2012. Christian Arildsen, som har vorte myndig sidan saka var oppe i tingretten, møtte òg gav forklaring. Han møtte saman med prosessfullmektig Bjørn Haugen. Vidare møtte Astri Elholm, som òg gav forklaring. Ho møtte saman med prosessfullmektig Jan Haakon Rasmussen. Det vart elles ført fem vitne og gjort slik dokumentasjon som framgår av rettsboka.
      ?Cb?DKort om bakgrunn for saka:?C/b?D
      Lars Elholm var sjømann i utanriksfart i ei årrekkje, fram til han gjekk på land og byrja som nattevakt på eit sjukehus. Han arbeidde i denne stilling fram til han vart uføretrygda rundt 1995.
      Den aktuelle tomta kjøpte Lars Elhom i 1964.
      Hytta, som det er tvist om, var oppført i 1965/66. Ho vart seinare påbygd i 1978/79. Hytta vart brukt av både Lars Elholm og Else Elholm. Det er uomtvista at Lars Elholm, som budde i Bergen medan han arbeidde på land, tok eigedomen i bruk som heilårsbustad etter at han vart uføretrygda.
      Den andre tvisten spring ut av kjøpekontrakt dagsett 07.08.1968 mellom Lars Elholm og Thorolf Elholm, der det vart avtalt at Thorolf Elholm skulle få kjøpa ein parsell av bnr 75 for ein m2-pris på kr 2,50. Parsellen vart aldri frådelt og kjøpekontrakten vart heller ikkje tinglyst. I 2006 inngjekk Lars Elholm ein ny kontrakt om sal av ein parsell av den aktuelle eigedomen, den gong til ein nabo. Heller ikkje denne parsellen vart frådelt. Det er ulike syn på korvidt den parsellen som vart seld til ein nabo, heilt eller delvis er samanfallande med parsellen omhandla i kontrakten mellom Lars Elholm og Thorolf Elholm.

      ?Cb?DChristian Arildsens påstandsgrunnlag:?C/b?D
      Det føreligg ingen tinglyst dokumentasjon som tilseier avvik frå hovudregelen om at heimelshavar både eig påståande bygningsmasse og heile den aktuelle grunnen, jf tinglysingslova ?G 14 og ?G 15.
      Lars Elholm var på tidspunktet for hyttebygginga og utvidinga av hytta, sjømann i utanriksfart. På grunn av fråvær let han seg representera både ved frådelinga av tomta og under oppføringa av hytta samt påbygginga av denne. Else Elholm tilkjennegav aldri overfor Lars Elholm at ho meinte å vera eigar av hytta, sjølv ikkje då han kasta ut eigendelane hennar. Lars Elholm gjorde alltid nøye opp for seg, og dette har han føresetnadsvis òg gjort overfor systera. Lars Elholm har både gjennom å ta hytta i bruk som fast bustad, og gjennom utsegner til vitner, klart tilkjennegjeve at han oppfatta å vera eigar av hytta. Dette har ikkje minst kome til uttrykk gjennom opprettinga av testamentet. Han har òg opptredd som eigar ved å betala alt normalt vedlikehald og alle kostnader elles forbunde med eigedomen.
      Når det gjeld tomteparsellen som Lars Elholm signerte kjøpsavtale om i 1968 med bror sin, Thorolf Elhom, så vart denne handelen aldri gjennomført. Det føreligg ingen dokumentasjon for betaling av kjøpesummen, heller ikkje noko krav om delingsforretning. Vanlege skritt for gjensidig oppfylling av avtalen er dermed ikkje tatt. Det føreligg vidare ingen kjente uformelle grensemarkeringar i marka, eller annan aktivitet frå Thorolf Elholm i forhold til parsellen i åra som har gått. Lars Elholm inngjekk i 2006 kontrakt med son til ein nabo og kjøp av same parsell. Heller ikkje denne handelen vart gjennomført. Thorolf Elholm var kjent med denne nye kontrakten, og skal ha blitt sint på broren, men unnlot likevel å ta skritt for å sikra den eigedomsretten det no vert hevda han hadde. Lars Elholm ynskte for tredje gong å disponera over parsellen, då han i førsteutkastet til testamentet ynskte at niesa Astri Elholm skulle ha denne, eit forslag han seinare droppa, då han i staden sette ho inn i testamentet som sumlegatar.
      Christian Arildsens ?Cu?Dpåstand:?C/u?D
      ?Ci?D1.Else Elholms dødsbo/Astri Elholm har ingen eiendomsrett til hytte og ett uthus oppført på gnr 15, bnr 75 og 81 i Fjell kommune. ?Ctab?D?Ctab?D

      2.Torolf Elholms dødsbo/Astri Elholm har ingen eiendomsrett til deler av gnr 15, bnr 71 og/eller 85 i Fjell kommune. ?Ctab?D?Ctab?D

      3.Astri Elholm tilpliktes å betale sakens omkostninger. ?Ctab?D?Ctab?D
      ?Cb?DAstri Elholms påstandsgrunnlag:?C/b?D
      Presumsjonsregelen som følgjer av tinglysingslova, må vika dersom det vert sannsynleggjort andre eigedomsforhold. Det gjeld vanlege krav til sannsynleggjering.
      Når det gjeld hytta, byggjer ankemotparten på kva vitner har høyrt og trudd.
      Tingretten høyrde Else Elholm forklara seg, og la hennar forklaring til grunn. I tillegg kjem alle dokumentprov som underbyggjer at Else Elholm har betalt og gjort oppføringa av så vel hytta som påbygget mogleg. Det føreligg ingen dokumentasjon for at Else Elholm opptredde som noko fullmektig for Lars Elholm. Tvertom finst det dokumentasjon for at kommunen, leverandør og byggmeister har forhalde seg til Else Elholm. Til og med byggeløyvet står i hennar namn.
      Det er ikkje rettsstiftande at Lars Elholm disponerer over hytta i testamentet.
      Når det gjeld tomteparsellen, syner ankande part til tingretten si grunngjeving og tiltrer denne. I 2006, då Lars Elholm inngjekk ny avtale om sal, var Thorolf Elholm på veg til å vera dement. Thorolf Elholm hadde inga oppmoding om å føreta seg noko i forhold til den nye avtalen, all den tid det aldri vart aktualisert noko utskiljing på grunnlag av den nye avtalen.
      Astri Elholms ?Cu?Dpåstand:?C/u?D
      1.Else Elholms dødsbo v/Astri Elholm frifinnes. ?Ctab?D?Ctab?D

      2.Torolf Elholms dødsbo v/Astri Elholm frifinnes. ?Ctab?D?Ctab?D

      3.Ankemotpartene tilkjennes saksomkostninger for lagmannsretten. ?Ctab?D?Ctab?D
      ?Cb?DLagmannsretten?C/b?D har følgjande merknader:
      Det er to skiftetvistar lagmannsretten skal ta stilling til. Lagmannsretten finn det hensiktsmessig innleiingvis å gje nokre merknader som gjeld sakene under eitt samt nokre presiseringar om kva lagmannsretten skal ta stilling til og ikkje.
      Båe skiftetvistane reiser spørsmålet om eigedomsrett som knyter seg til gnr 15, bnr 75 og 81 i Fjell kommune, som Lars Elholm hadde grunnboksheimel til. Lagmannsretten finn det ikkje omtvista, og legg for eigen del til grunn, at det følgjer av grunnboka sitt negative og positive truverde ein presumsjon om at heimelshavar i eit tilfelle som dette eig både dei påståande, omtvista bygningane og den omtvista parsellen. Lagmannsretten legg imidlertid til grunn at presumsjonen ikkje rekk lenger enn at han vert å fråvika dersom andre eigarforhold vert prova å vera meir sannsynlege.
      Vidare knyter båe skiftetvistane seg til Lars Elholms testament, der han har rådd over så vel dei omtvista bygningane som den omtvista parsellen som eigar. Lagmannsretten legg til grunn at det ikkje er gjort gjeldande at testamentet er inngått på ein slik måte at det skal kjennast ugyldig. Provføringa for lagmannsretten syner elles at Lars Elholm har gjeve tilkjenne dei same syn på eigarforholda som følgjer av testamentet òg før testasjonstidspunktet. Korleis sjølve avgjerda om å testamentera med det innhald Lars Elholm gjorde, har kome i stand, ligg utanfor det lagmannsretten skal ta stilling til.
      Lagmannsretten finn for ordens skuld å understreka at det ikkje frå nokon av partane er gjort gjeldande at det har skjedd noko endring av eigarforholda i den tidsperioden tvisten knyter seg til. Alle partane har såleis prosedert på at eigarforholda har lege fast sidan dei vart etablerte.
      Når det gjeld hytta/uthuset er det heller ikkje gjort gjeldande frå nokon av partane at hytta og/eller uthuset har vore i sameige eller at både Lars Elholm og Else Elholm har hatt rettar i hytta/uthuset. Det følgjer av påstandane at lagmannsretten skal ta stilling til kven av dei to som eigde hytta/uthuset. Det er følgjeleg heller ikkje noko aktuell problemstilling å ta stilling til om Lars Elholm er eigar av den opprinnelege hytta og Else Elholm av tilbygget, eller omvendt.
      ?Cb?DHytta, uthuset?C/b?D
      Tingretten kom til at hytta og uthuset var i Else Elholm si eige, og la ved provvurderinga til grunn den forklaring Else Elholm gav for tingretten. Else Elholm har som nemnt gått bort sidan saka var oppe i tingretten.
      Lagmannsretten har ut frå den provføringa som vore under ankeforhandlinga, kome til same resultat som tingretten om kven som eig hytta/uthuset. Det er lagt fram eit omfattande materiale med kvitteringar, bilag etc i Else Elholm sitt namn som knyter seg til oppføringa av hytta på 60-talet og påbygginga på 70-talet. Det er ikkje framlagt noko tilsvarande materiale i Lars Elholm sitt namn. Det er heller ikkje framlagt noko konkret dokumentasjon som underbyggjer tilførselen om at Else Elholm har opptredd som ein slags fullmektig for Lars Elholm. Vidare er det godtgjort at Else Elholm delvis fekk finansiert deler av kostnadene knytta til hytta, m.a. spanderte arbeidsgjevaren hennar golv til hytta, då ho var påskjøna etter 30-års tilsetjing i verksemda. Det er ingen dokumentasjon for noko tilsvarande eller anna form for finansiering frå Lars Elholm si side. Elles er det dokumentert at òg skriv frå byggmeister m.m. var stila til Else Elholm, òg i forhold til spørsmål om reklamasjon. Ved påbygginga på 70-talet gjekk søknaden om byggeløyve i Else Elholm sitt namn, og løyve frå Fjell kommune vart gjeve til Else Elholm som byggherre. Det føreligg ingen dokumentasjon som knyter Lars Elholm sitt namn til bygginga og/eller påbygginga av hytta.
      Lars Elholm eigde tomta, og det synest uomtvista at dei to syskena brukte eigedomen og hytta i lag i lang tid. Eigedomen har i ulike dokument hatt nemninga ?C Lassebu ?D.
      Ut frå vitneforklaringar synest det som om staden har vore ein treffstad for heile familien. Det er ingen dokumentasjon som tyder på at eigarspørsmålet har vore noko omhandla tema mellom syskena.
      I 2005 vart det sett opp eit utkast til testament for Else Elholm av advokat Øystein Flatebø. I utkastet vart det gjeve føresegn om at bror hennar, Lars Elholm, skulle arva hytta hennar som var oppsett på hans eigedom. Det er av ankemotparten gjort gjeldande at dette var eit uttrykk for ei felles haldning hjå dei to syskena; den lengstlevande skulle arva den andre, slik at både grunn og bygningar kom på same hender. At Else Elholm var 14 år eldre enn Lars Elholm, har gjerne etablert ei forventning hjå dei båe om at Lars var den som mest sannsynleg kom til å arva Else.
      Lagmannsretten har fått forklaringar som tyder på at Lars Elholm på eit tidspunkt på 80-talet bestemte at Else Elholm ikkje lenger skulle ha tinga sine i hytta og/eller bruka hytta slik ho hadde gjort. Vitner i lagmannsretten har omtalt det som at ho vart kasta ut. I tid synest det som om dette har vore samanfallande med at Else vart eldre og etterkvart hadde vanskar med å gjera seg nytte av hytta. Korvidt ho vart hindra av Lars Elholm i å vera på hytta, og/ eller om alderssvekking gjorde det vanskeleg, er noko uklart. Det er i alle fall opplyst at Else Elholm var på eigedomen på korte besøk òg i nyare tid. Frå 1995 tok Lars Elholm eigedomen i bruk som heilårsbustad. Slik lagmannsretten ser det er lite tvil om at Lars Elholm, seinast frå dette tidspunktet, har vore den som åleine har rådd over hytta og disponert denne. Det må òg leggjast til grunn at han ved ulike høve har omtalt seg som eigar av hytta.
      Slik lagmannsretten ser det, er det ingen klare haldepunkt som underbyggjer at Lars Elholm har vore eigar av hytta, eller har oppfatta seg som eigar, dei første totiåra etter at denne vart oppført. Noko anna er det at det etterkvart kan ha etablert seg ei oppfatning hjå han om at han var eigar, eller i det minste at han var den som etterkvart skulle bli eigar.
      Provbilete er samansett, og forklaringane om korleis eigarforholda har vore oppfatta er sprikande. Lagmannsretten har under tvil funne det sannsynleggjort at Else Elholm må reknast som eigar av hytta. Det vert då synt til det som er lagt til grunn om hennar rolle i samband med at hytta vart oppført og seinare påbygd. Av vitna har lagmannsretten særleg merka seg ved vitnet Finn Erik Lid, som er vaksen opp som nabo til eigedomen, og som har forklart at han gjennom hele oppveksten har blitt fortalt at Else Elholm var eigar av hytta.
      Det same som er lagt til grunn om hytta, vert òg lagt til grunn når det gjeld uthuset.
      Anken vert såleis å forkasta når det gjeld skiftetvisten om bygningane.
      ?Cb?DTomteparsellen?C/b?D
      Tingretten kom til at den omtvista tomta ikkje høyrde til Lars Elholms dødsbu.
      Lagmannsretten har kome til at anken må føra fram når det gjeld denne skiftetvisten, og at den omtvista tomta såleis må reknast å høyra til dødsbuet.
      Avtalen som vart inngått mellom Lars Elholm og Thorolf Elholm 07.08.1968 om kjøp av ein parsell, fastsette kva kjøpesum som skulle betalast, men sette ingen fristar, korkje for betaling eller anna oppfylling etter avtalen.
      Det føreligg ingen dokumentasjon for at kjøpesummen nokongong vart betalt. Ingen av partane synest å ha føreteke seg noko som helst i forhold til å oppfylla avtalen etter at denne vart inngått.
      Lagmannsretten har under tvil kome til at slik forholdet utvikla seg etter avtaleinngåinga, var ikkje avtalen lenger forpliktande mellom partane då Lars Elholm døydde. Lagmannsretten tar utgangspunkt i at avtalen ikkje inneheldt noko særskilt presisering av at avtalen gjeld ein opsjon på kjøp. Det må i eit slikt tilfelle leggjast til grunn at ein slik avtale må oppfyllast etter sitt innhald innan rimeleg tid. Slik oppfylling har ikkje skjedd. Utgangspunktet må då vera at avtalen ikkje lenger er forpliktande for partane. Dersom Thorolf Elholm likevel meinte at avtalen framleis var forpliktande for han sjølv og Lars Elholm, hadde han etter lagmannsretten sitt syn oppmoding om å reagera då han vart kjent med at Lars Elholm i 2006 på nytt ville selja ein parsell. Etter det som er opplyst av ankemotparten, oppfatta Thorolf Elholm at dette salet galdt same parsell som han sjølv hadde kjøpt i si tid. Til spørsmålet om Thorolf Elholm hadde oppmoding om å reagera, er det hevda at han ikkje trong å ta til motmæle ettersom den nye kjøparen ikkje gjekk vidare og søkte om frådeling m.m. Dette kan ikkje leggjast til grunn, slik lagmannsretten ser det. Den nye kjøparen kunne t.d. gjennom avtalen ha inngått ein opsjonsavtale med Lars Elholm, som sikra han rett til kjøp langt fram i tid, uavhengig av om det vart søkt om frådeling eller ei. At Thorolf Elholm på det aktuelle tidspunktet var i ferd med å verta svekka helsemessig, kan ikkje endra denne vurderinga.
      Lagmannsretten legg i alle høve til grunn at avtalen av 1968 ikkje var forpliktande mellom partane då Lars Elholm døydde, slik at den aktuelle tomteparsellen må reknast å høyra til buet.
      Anken vert etter dette å ta til følgje når det gjeld skiftetvisten om tomteparsellen. Ved utforminga av slutninga har lagmannsretten funne det mest hensiktsmessig å ta utgangspunkt i den slutninga tingretten har gjeve, og omformulera denne innanfor den nedlagte påstanden.
      ?Cb?DSakskostnader?C/b?D
      Når det gjeld skiftetvisten vedrørande bygningane, har ankemotparten vunne saka, og har dermed i utgangspunktet krav på å få erstatta sine sakskostnader, jf tvistelova ?G 20-2 (1). Lagmannsretten finn likevel at det føreligg slike tungtvegande grunnar som gjer det rimeleg å frita for skadebotansvaret, då det var grunn til å få prøva saka fordi ho var tvilsam, jf tvistelova ?G 20-2 (3). Det vert synt til den tvil lagmannsretten har gjeve uttrykk for i premissane vedrørande denne tvisten. Sakskostnader vert såleis ikkje tilkjent.
      Når det gjeld skiftetvisten vedrørande tomteparsellen, har ankande part vunne saka, og har dermed i utgangspunktet krav å få erstatta sine sakskostnader, jf tvistelova ?G 20-2 (1).
      Lagmannsretten finn likevel at det føreligg slike tungtvegande grunnar som gjer det rimeleg å frita for skadebotansvaret, då det var grunn til å få prøva saka fordi ho var tvilsam, jf tvistelova ?G 20-2 (3). Det vert synt til den tvil lagmannsretten har gjeve uttrykk for i premissane vedrørande denne tvisten. Sakskostnader vert såleis ikkje tilkjent.
      Vedrørande båe skiftetvistane vert det det materielle resultatet i lagmannsretten lagt til grunn for sakskostnadsavgjerda for tingretten. Sakskostnader vert såleis heller ikkje tilkjent for tingretten for nokon av skiftetvistane.
      Domen er samrøystes.
      Domen er ikkje sagt innan fristen i lova. Grunnen er stor arbeidsmengde.

      Domsslutning:
      ?C/i?D
      ?Cu?D?Ci?DVedrørande skiftetvisten knytta til hytte og uthus:?C/u?D
      1.Anken vert forkasta. ?C/i?D?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?D2.Sakskostnader vert ikkje tilkjent korkje for lagmannsretten eller tingretten. ?C/i?D?Ctab?D?Ctab?D
      ?Cu?D?Ci?DVedrørande skiftetvisten knytta til tomteparsell:?C/u?D
      1.Thorolf Elholms dødsbu er ikkje eigar av den parsellen av gnr 15, bnr 71 og 85 i Fjell kommune som er skildra i kjøpekontrakt av 07.08.1968 mellom Lars Elholm og Thorolf Elholm. ?C/i?D?Ctab?D?Ctab?D

      ?Ci?D2.Sakskostnader vert ikkje tilkjent korkje for lagmannsretten eller tingretten.?C/i?D?Ctab?D?Ctab?D